KleppSSK ynskjer fleire dommarar

Klubben vår har hatt eit løft med tanke på antall dommarar.

Det er likevel slik at ein ikkje kan kvila på laubæra. I fjor utdanna me ingen nye dommarar i klubben. Det lyt me gjera noko med.

Dersom du ynskjer å verta dommar – eller enda betre berre lurar på om du kan vera dommar – TA KONTAKT MED: Bente, Kenneth, Atle, Elisebeth eller Amund.

Me vil alle saman gi deg eit relativt ærleg svar på kor enkelt det er å vera dommar 🙂

Utdanninga er kort:

  • Eit par timars kurs på datamaskin (kveldstid heima hjå deg sjølv)
  • Fire timars kurs inne på Viking stadion – inkludert eksamen
  • Ei helg som dommerapsirant på eit stevne (der du går saman med røynde dommarar)

Så sit du likevel inne i ein symjehall ei helg(eller fem) for å sjå på dei håpefulle – Beste plassen i hallen er nede ved bassenget!

Mvh Amund

Dommar 🙂

Postet i Dommer, Klubbinformasjon, Siste nytt og tagget .

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.