Snart KSSK Open

Det er haust, og med det så nærar det seg Klepp svømme og stupeklubb sitt årlege symjestevne KSSK Open.

I år som alle andre år er me heilt avhengige av at foreldre stiller opp på årets største dugnad (i Klepp SSK vel og merka).

Me vil blant anna ha trong for tidtakarar, speaker, kiosk-seljarar, kakebakarar og smørbrød-smørarar.

Det vil om ikkje så lenge koma ut ein liten epost der me inviterer til dugnaden, eg vonar dykk sit og ventar på den i spaning.

Helga det er tale om er 15-16 november. Sett av tid i kalendaren allereie no!!

Mvh Amund Junge

Leiar Klepp SSK.

Postet i Klubbinformasjon, Siste nytt og tagget , .

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.