Turinformasjon Aquarama 2016

Hei alle konkurransesymjarar!

Fredag reiser Klepp SSK til Kristiansand for å delta på stevnet Aquarama Open 2016.

Invitasjonen til stevnet finn du her.

Dette er tredje gong me deltek på dette stevnet med klubben, og me veit at det vert ein kjempetur!

Litt info:

Tur:
Avreise fra Randaberg svømmehall: Kl. 06:00 (møt opp i god tid)
Avreise fra Klepp svømmehall: Kl. 07:00 (møt opp i god tid)

Retur:
Avreise fra Kristiansand ca. kl. 15:30 – Stevnet er ferdig kl. 15:05.

Det tek ca. tre  til tre og ein halv time til Klepp.

Overnatting:
Me skal bu på Scandic Kristiansand Bystranda (som vanleg), og det plar verta vellukka.
Lagleiarane har allereie gjort romfordelinga. Den vil verta gjort kjent når me kjem fram.

Mat:
Alle måltid er inkludert fra me kjem til Kristiansand og til me reiser heim att.

Merk! Lunsj fredag lyt takast med som nistepakke. Fredag er det ikkje mat på hotellet før middag om kvelden.
Det er og lurt å smøre nistepakke søndag før heimreise. Hugs det er mange som har symt rett før me køyrer heim.

Konkurransen:
Klubben reiser med ca 20 symjarar som heile siste veka forbereder seg på å gjera ein så god innsats som mogleg i Aquarama.

Supert!!

Difor er det viktig at kvar einskild symjar i Kristiansand tenkjer på kva som er lurt mht. å gjera det så bra som ein kan.
– Det betyr at ein skal leggja seg tidleg
– Spise gode måltid med mat (utan mat og drikke…)
– Stille på innsymjinga på morgonen
– Varme skikkeleg opp før kvar einskild øvelse
– Heia på dei andre i klubben når dei sym!

Reisefylgje:

Trenarar
– Terje
– Olav

Lagleiarar
– Berit – Tlf: 954 59 744
– Amund – Tlf: 402 37 056
– Ole Martin – Tlf: 995 78 668

Lukke til, og ha ein strålande tur!
Stupe, svømme, vende vinne – goooooo Klepp!!

 

 

 

Postet i Siste nytt, Stevner og tagget , .