KSSK Open er nok ein gong unnagjort, og ut frå det eg har høyrt frå deltakarar og publikum gjekk dette veldig bra.
Det er difor all grunn til å takka alle dei foreldre og symjarar som har bidratt til denne flotte helga i Klepphallen!
Stor takk til alle dåke som har stilt på dugnad i kantina, som tidtakarar, riggarar og dommarar. Slike stevner er ikkje mogleg å få til utan at dåke!
Viktig å nemna at denne helga vart ekstra bra om me ser på all den gode symjinga som våre eigne symjarar har bidratt med. Det er kjempemorosamt å stå som dommar og fylgje med på korleis klubbens symjarar stadig forbetrar sine eigne personlege rekordar. Eg trur og me fekk nokre klubbrekordar denne helga – GRATULERAR alle saman.













