Søndag 8. mars var det rekruttstevne på Klepp i regi av Klepp SSK.
Du all verden for ein gjeng som var samla. grovt rekna hadde med ca. 220 påmeldte symjarar, og med sysken, foreldre og besteforeldre vart det mykje ekstra stolar som laut på plass før fyrste heat stupte uti.
Det er morosamt å sjå den fantastiske idrettsgleden som rekruttsymjarane viser.
Til tross for mykje folk, og innimellom litt hektisk for lagleiarar og funksjonærar, er det ein sann glede å delta på dugnad når ein ser kor nøgde symjarane er (og så er det litt morosamt å treffe/verta kjent med andre foreldre i klubben også).
Igjen lyt eg retta ein kjempestor takk til alle eldre symjarar og foreldre med Elisebeth i spissen -som var med i dugnadsgjengen. Dykk gjer ein viktig jobb for klubben, utan den innsatsen klarer me ikkje å arrangera stevner.
Mvh Amund
Leiar KleppSSK

