Klubben vår har hatt eit løft med tanke på antall dommarar.
Det er likevel slik at ein ikkje kan kvila på laubæra. I fjor utdanna me ingen nye dommarar i klubben. Det lyt me gjera noko med.
Dersom du ynskjer å verta dommar – eller enda betre berre lurar på om du kan vera dommar – TA KONTAKT MED: Bente, Kenneth, Atle, Elisebeth eller Amund.
Me vil alle saman gi deg eit relativt ærleg svar på kor enkelt det er å vera dommar 🙂
Utdanninga er kort:
- Eit par timars kurs på datamaskin (kveldstid heima hjå deg sjølv)
- Fire timars kurs inne på Viking stadion – inkludert eksamen
- Ei helg som dommerapsirant på eit stevne (der du går saman med røynde dommarar)
Så sit du likevel inne i ein symjehall ei helg(eller fem) for å sjå på dei håpefulle – Beste plassen i hallen er nede ved bassenget!
Mvh Amund
Dommar 🙂

