KleppSSK inviterer alle aktive symjarar til ei treningshelg på Moi!
Tilbodet gjeld fra Rekruttar til A-symjarar . Med andre ord A, B, C, D, og E symjarar. Me vil laga eit tilpassa opplegg for symjarar i gruppe D og E.
Dette vert ei kjempehelg der klubben skal få nytta litt tid saman i bassenget og verta betre kjende. Me har mange dyktige symjarar i klubben, og dei vil vera med å trena dei litt yngre.
Bli med! –> PÅMELDING – send epost til leder@kleppssk.no innen onsdag kveld 22. august.
Viktig at dykk i eposten skriv inn namn på symjar (fornamn og etternamn, mobilnummer born og/eller forelder/føresett), og fullt namn og epostadressa til den som skal betale.
Dersom det er særskilde allergier eller andre omsyn som lyt takast, ta det og med i påmeldinga.
Transport/Reise:
Frå Klepphallen fredag seinast klokka 1700 – vi tek sikte på å køyra privatbilar.
Heima igjen seinast ved Klepphallen sundag klokka 1600.
Overnatting:
Då me skal liggja på ein skule i klasserom er det av erfaring ein del støy frå dei oppblåste madrassane, og det kan verta litt trongt.
Difor gjeld fylgjande:
Ta med teppe/laken som skal liggja under madrassen(mot golvet)
Om mogleg- bruk enkeltmadrass. Om me får mange påmeldte, vert det ikkje plass dersom alle tek med dobbeltmadrassar.
Pris:
Symjar 600,- NOK
Vaksen gratis (vaksne som deltek på turen må hjelper til med mat/rydding og går dermed gratis )
Dette dekker opphald og mat.
Foreløpig program:
Fredag:
- Reise til Moi.
- Innkvartering på skule
- Basistrening
- Kveldsmat
- Sosialt samvær
Laurdag:
- Frukost (ca. 0800)
- Treningsøkt 1 (ca. 0900 – 1200). Økta vert delt opp alt etter kor mange symjarar som vert med til Moi.
- Lunsj (1300)
- Basistrening
- Lite mellom måltid
- Treningsøkt 2 (ca. 1900 – 1930/2200). Igjen deler me opp økta
- Middag/kveldsmat (2100)
- Sosialt samvær (Utfordrar symjarane til å koma opp med nokre spanande leikar/quizzar)
Sundag:
- Frukost (ca.0830)
- Treningsøkt (0900 – 1200)
- Lunsj (1230)
- Rydding og heimreise.
Programmet vil kunne få nokre endringar!
Som alltid – fint om nokre vaksne ynskjer å vera med på helgetur (me treng sjåførar, kokkar, oppvaskehjelparar og aktivitetsleiarar)!!!
Ta gjerna kontakt med leder@kleppssk.no (eller sms på 951 43 557 – Stian Braut)