Det er planlagt ein treningsleir hausten 2016.
Dette er noko som kan vera greit for foreldre å veta allereie no, då det fort kan kosta litt pengar å dra på treningsleir.
I år vert det tur til Danmark – Nørresundby i Ålborg.
9 – 15 oktober. Egenandelen for symjarane vert ca. 4000,- NOK.
Reiseopplegget vert truleg som fylgjer(kan verta endra):
- Avreise laurdag med båt frå Tananger (firesengs lugarer) – Fjordline
- Buss frå Hirtsal til Nørresundby
- Me bur på eit internat som næraste nabo til bassenget. Alle måltider er også her.
- Heimturen vert truleg med Colorline til Kristiansand(inkl. lunsjbuffet), og frå Kristiansand til Klepp med buss.
- To treningsøkter i bassenget per dag, samt nokre basisøkter.
Detaljert reiseplan vil verta presentert om ikkje altfor lenge.
Me kjem og til å invitera Sola og Randaberg med på turen.
Rett over vinterferien kjem me til å ta opp ein foreløpig bestilling av interesserte, slik at me er sikre på at me har tinga nok plassar.
Alle fra rekruttar og opp til A-gruppe er hjarteleg velkomne til å delta!

