Haustferien 2016

Det er planlagt ein treningsleir hausten 2016.

Dette er noko som kan vera greit for foreldre å veta allereie no, då det fort kan kosta litt pengar å dra på treningsleir.

I år vert det tur til Danmark – Nørresundby i Ålborg.

9 – 15 oktober. Egenandelen for symjarane vert ca. 4000,- NOK.

Reiseopplegget vert truleg som fylgjer(kan verta endra):

  • Avreise laurdag med båt frå Tananger (firesengs lugarer) – Fjordline
  • Buss frå Hirtsal til Nørresundby
  • Me bur på eit internat som næraste nabo til bassenget. Alle måltider er også her.
  • Heimturen vert truleg med Colorline til Kristiansand(inkl. lunsjbuffet), og frå Kristiansand til Klepp med buss.
  • To treningsøkter i bassenget per dag, samt nokre basisøkter.

Detaljert reiseplan vil verta presentert om ikkje altfor lenge.

Me kjem og til å invitera Sola og Randaberg med på turen.

Rett over vinterferien kjem me til å ta opp ein foreløpig bestilling av interesserte, slik at me er sikre på at me har tinga nok plassar.

Alle fra rekruttar og opp til A-gruppe er hjarteleg velkomne til å delta!

 

 

 

 

Postet i Klubbinformasjon, Trening, Treningsleir og tagget , .