Hei
Då er det snart avreise til Moi.
Transport/Reise:
Frå Klepphallen fredag klokka 1700 – vi køyrer privatbilar.
Heima igjen ved Klepphallen sundag klokka 15-1600. Litt avhengig av når me køyrer frå Moi.
Overnatting:
Då me skal liggja på ein skule i klasserom er det av erfaring ein del støy frå dei oppblåste madrassane, og det kan verta litt trongt.
Difor gjeld fylgjande:
Ta med teppe/laken som skal liggja under madrassen(mot golvet)
Om mogleg- bruk enkeltmadrass.
Pris:
Symjar 600,- NOK
Dette dekker opphald og mat.
Betaling på nettet ved å nytte denne linken: klikk_her
Program:
Fredag:
- Reise til Moi.
- Innkvartering på skule
- Basistrening(symjeøkt for dei eldste?)
- Kveldsmat
- Sosialt samvær
Laurdag:
- Frukost (ca. 0800)
- Treningsøkt 1 (ca. 0900 – 1230). Økta vert delt opp alt etter kor mange symjarar som vert med til Moi.
- Lunsj (1300)
- Basistrening
- Treningsøkt 2 (ca. 1700 – 1930/2000). Igjen deler me opp økta
- Middag/kveldsmat (2000)
- Filmkveld – Det vert felles innkjøp av snop – Det er difor ikkje naudsynt å ta med eige snop til opphaldet!
- Sosialt samvær (Utfordrar symjarane til å koma opp med nokre spanande leikar/quizzar)
Sundag:
- Frukost (ca.0830)
- Treningsøkt (0930 – 1200)
- Lunsj (1230)
- Rydding og heimreise.
Programmet vil kunne få nokre endringar!
Som alltid – fint om nokre vaksne ynskjer å vera med på helgetur (me treng sjåførar, kokkar, oppvaskehjelparar og aktivitetsleiarar )!!!
Ta gjerna kontakt med leder@kleppssk.no (eller sms på 40237056)

