Moi – Avreise og litt til

 

Hei

Då er det snart avreise til Moi.

 

Transport/Reise:

Frå Klepphallen fredag klokka 1700 – vi køyrer privatbilar.

Heima igjen ved Klepphallen sundag klokka 15-1600. Litt avhengig av når me køyrer frå Moi.

Overnatting:

Då me skal liggja på ein skule i klasserom er det av erfaring ein del støy frå dei oppblåste madrassane, og det kan verta litt trongt.
Difor gjeld fylgjande:

Ta med teppe/laken som skal liggja under madrassen(mot golvet)
Om mogleg- bruk enkeltmadrass.

Pris:

Symjar 600,- NOK

Dette dekker opphald og mat.

Betaling på nettet ved å nytte denne linken: klikk_her


Program:

Fredag:

  • Reise til Moi.
  • Innkvartering på skule
  • Basistrening(symjeøkt for dei eldste?)
  • Kveldsmat
  • Sosialt samvær

Laurdag:

  • Frukost (ca. 0800)
  • Treningsøkt 1 (ca. 0900 – 1230). Økta vert delt opp alt etter kor mange symjarar som vert med til Moi.
  • Lunsj (1300)
  • Basistrening
  • Treningsøkt 2 (ca. 1700 – 1930/2000). Igjen deler me opp økta
  • Middag/kveldsmat (2000)
  • Filmkveld – Det vert felles innkjøp av snop – Det er difor ikkje naudsynt å ta med eige snop til opphaldet!
  • Sosialt samvær (Utfordrar symjarane til å koma opp med nokre spanande leikar/quizzar)

Sundag:

  • Frukost (ca.0830)
  • Treningsøkt (0930 – 1200)
  • Lunsj (1230)
  • Rydding og heimreise.

Programmet vil kunne få nokre endringar!

Som alltid – fint om nokre vaksne ynskjer å vera med på helgetur (me treng sjåførar, kokkar, oppvaskehjelparar og aktivitetsleiarar )!!!

Ta gjerna kontakt med leder@kleppssk.no (eller sms på 40237056)

Postet i Siste nytt, Treningshelg og tagget , .