Årets julastevne er unnagjort

 

Det vart eit flott stevne i Klepphallen måndag ettermiddag!

Symjarar og stuparar viste kva dei er gode for, og sysken, foreldre og besteforeldre stilte opp i hopetal.

Eg trur det aldri har vært så mange klemt inn i kantina i Klepphallen på eingong. Der var det påsmurt mat av ulikt slag – medbrakt frå alle medlemmane. Vikig med god kvelds etter ein konkurranse!kssk_jul2

Håkon Henne fortalte litt om korleis hausten ar vært. Han sa og ein heil del om framgangen han ser hjå symjarane i Klepp.

Ikkje minst delte han ut årets forbetringspris – som i år gjekk til Matilde Pollestad! – Gratulerer.

Berit Krog fortalte litt om stuperane sitt år. Som har gitt klubben hæder og ære i Tripp trapp konkurransar og ikkje minst NM deltaking.

Bente Egeland er vår primus motor symjeskule! Ho fekk fram deltakarane i årets kurs, og delte ut pokalar til alle saman.

kssk_jul1

Så då vert det jul i år igjen – og på fredag er det julavask. Vel møtt!

Mvh Amund

 

Publisert i Klubbinformasjon, Siste nytt, Stevner og merket .

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.