Forsand swimcamp

Randaberg arrangerte helga 29 – 31 august symjeleir på Forsand.

Sola og KleppSSK deltok óg med symjarar.

Fredag:

Me tok ferja over til Lauvvik klokka 1830 isch, og var klar i idrettshallen klokka 1900.

Etter at alle hadde fått blåst opp madrassene og rigga seg til, var det klart for fyrste symjeøkt. Symjinga fredag var mellom 2000 – 2200 og dei aller fleste av Klepp sine symjarar symde opptil 7000 meter!!

Relativt roleg frå klokka 2300 (bortsett frå mykje snorking og snakking i søvne) :-).

Bilete frå fredag:

 

Laurdag:

Frukost klokka 0800 og i bassenget klokka 0900 til 1100. Her vart det også symd 7000 meter.

Lite mellom-måltid med frukt og saft – før me klokka 1300 tok varm lønsj laga av matgjengen 🙂

1400 isch vart det ein liiiiiten handletur Downtown Forsand 🙂 Etterpå, klokka 1500 var det ei tøff basisøkt i idretshallen.

Høgdepunktet for laurdageng(om me ikkje reknar med måltida) var bassengøkta mellom 1700 til 2000. Då skulle det symjast ca. 10000 meter. Totalt ville dei fleste symjarane denne dagen symja 17000 meter.

Bilete frå laurdag:

 

Sundag:

Frukost til “vanleg” tid, før det var ei siste økt i bassenget. Målet for økta var nye 7000 meter.

Etter ei god treningsøkt, pakka me saman, og satte kursen for Randaberg, Sola og Klepp.

Bilete frå  sundag:

 

Takk for ei fin helg!

 

Postet i Siste nytt og tagget , .

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.