Hygiene i symjehallen

Frå tid til annan lyt ein gjenta ting ein ofte tek for gitt. Ein av desse tinga er personleg hygiene og bruk av symjebassenget i Klepphallen.

Me opplever enkelte veker at vatnet i bassenget luktar sterkare av klor enn vanleg, årsaka til dette er at vaktmeisteren har, av omsyn til helse og vasskvalitet, måtta klora vatnet kraftigare.

Ei av årsakene til at det vert naudsynt er grunna dårlege dusje rutinar hjå dei som nyttar bassenget.

Klepp SSK ynskjer at våre symjarar ikkje skal bidra til sterkare kloring av vatnet.

Difor er det viktig at du som sym i bassenget alltid før du går uti har gjort fylgjande:

  • Dusj grundig – utan badedrakt/badebuksa
  • Bruk såpa

Auka kloring kan bidra til at ein opplever kløe eller raude utslett.

HUGS! Feitt er ikkje bra for reinseanlegget til symjebassenget. Såpa er feitt. Om ein dusjar med badedrakt/badebuksa greier ein ikkje å få all såpa skylt vekk, og dermed bidreg ein til dårlegare vasskvalitet.

Publisert i Klubbinformasjon, Siste nytt og merket , .