Julestevnet 2014

Det var eit verkeleg bra julestevne, og mange nøgde symjarar.

Resultatlista er lagt ved lenger nede i denne artikkelen.

I oppsumeringa rett før maten, var nok eg lika sulten som alle andre i salen, då eg hoppa bukk over ei rekkje ting som ABSOLUTT lyt trekkjast fram av aktivitetar i klubben vår denne sumaren og hausten.

– KleppSSK har hatt to deltakarar i NM  i sumar.

– KleppSSK har hatt to deltakarar i NM no i haust.

– Fantastisk høg aktivitet på symjeskulen, leia av Bente – sjå på dette:

Det er halde 8 ulike typar kurs, samt eit uspesifisert.

  1. Delfinmerket – 6 deltakarar
  2. Selungenmerket – 40 deltakarar
  3. Pingvinmerket – 42 deltakarar
  4. Skilpaddemerket – 31 deltakarar
  5. Sjøløvemerket – 13 deltakarar
  6. Selmerket – 27 deltakarar
  7. Haimerket – 15 deltakarar
  8. Hvalmerket – 8 deltakarar
  9. Annet – 9 deltakarar

– KleppSSK har hatt eit prosjekt kalla Ungdomsgruppa Aktiv med mange deltakarar.

– KleppSSK har hatt eit skuleprosjekt med symjeopplæring for elevar med mange deltakarar.

Ingenting av dette hadde me fått til utan alle dei instruktørane(30 stk!!!) me har som stiller opp fleire gongar kvar veke og hjelper til.

STOR TAKK til alle saman.

og- ikkje gløym julebadet 19. desember klokka 1600 – 1730 – og etterpå vert det graut!

Resultatliste: julestevne 2014

Postet i Foreldremøter, Klubbinformasjon, Klubbkveld, Siste nytt og tagget .