KSSK Julestevne 2021

Me er diverre nødt til å gjera visse endringar på arrangementet i morgon grunna dagens koronasituasjon:

Det vil ikkje vera anledning til å samla ungar med foreldre i kantina etter stevnet – men me har anledning til å ha foreldre på tribunen gitt at alle held avstand til kvarandre. Me planlegg difor for ein enklare variant for julestevnet med oppmøte for oppvarming kl 17:00, og stevnestart kl 17:30. Etterpå tek me ei samling i kantina kun for ungane med enkel servering frå lagledere og trenere. Arrangementet er ferdig ca kl 19:00.

Dei som har meldt seg som tidtakere bes møte i symjehallen seinast kl 17:15.  

Stuparane har valgt å utsette sitt arrangement til etter nyttår.

Då er det jul igjen, og me arrangerer juleavslutning med eit uformelt klubbstevne i Klepphallen for alle klubben sine symjarar måndag 13. desember. Me oppfordrar spesielt alle nye kursdeltakere som kan symja 25 meter til å delta!

Etter stevnet blir det utdeling av deltakarpremie samt årets forbetringspris til den konkurransesvømmeren som etter trenaranes meining har hatt størst framgang i 2021.

Me startar med innsymjing/oppvarming kl 17:00. Kl 17:30 startar klubbstevnet.

Me treng sju tidtakarar: send ein e-post til Tord angåande hjelp til gjennomføring av dette arrangementet: dugnad@kleppssk.no.

Påmelding innan søndag formiddag 12.12.2021:

""
1
Øvelser Julestevne KSSK:
Velg øvelser

Epost for hvor du vil ha sendt bekreftelse for påmelding.

keyboard_arrow_leftPrevious
Nextkeyboard_arrow_right
Postet i Julestevne, Siste nytt, Ukategorisert og tagget .

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.