Til helga skal me på tur (11 – 13 september)!!
Det vert hatte- og bartefest på laurdagskvelden:
- Premiering for finast(mest kreative?) hatt og bart. Så difor Ta med HATT og BART!
- Kjempeflott om du(eller ei gruppa) har med seg forslag til ein eller annan leik eller eit underhaldningsinnslag.
- Det vert basistrening, ta med gymtøy for innebruk (shorts/treningsbukse, t-skjorta og sko)
Avreise og heimkomst:
Frå Klepphallen fredag ettermiddag klokka 1700 – me køyrer i privatbilar.
Heima igjen ved Klepphallen sundag klokka 1700.
Overnatting:
Me skal liggja på ein skule i klasserom, og av erfaring er det ein del støy frå dei oppblåste madrassane, og det kan verta litt trongt. Difor gjeld fylgjande:
- Ta med teppe/laken som skal liggja under madrassen(mot golvet)
- Om mogleg- bruk enkeltmadrass. Me er mange påmeldte, og det er ikke plass dersom alle tek med dobbeltmadrassar.
Program:
Fredag:
- 17:00 Reiser til Moi.
- Innkvartering på skule
- 20:00-21:30( Kanskje symjing/basistrening). Gjeld hovudsakleg A,B og C gruppa.
- Kveldsmat
- Sosialt samvær
Laurdag:
- Frukost (ca. 0800)
- Treningsøkt 1 (ca. 0900 – 1230). Økta vert delt opp alt etter kor mange symjarar som vert med til Moi.
- Lunsj (1300)
- Basistrening (1600)
- Treningsøkt 2 (1700 – 1930/2000). Igjen deler me opp økta
- Middag/kveldsmat (2000)
- Sosialt samvær
Sundag:
- Frukost (ca.0830)
- Treningsøkt (0900 – 1200)
- Lunsj (1230)
- Rydding og heimreise.
- Attende på Klepp (1700)
Programmet vil kunne få endringar!
Pris:
Symjar 600,- NOK
Vaksen 300,- NOK
Dette dekker vonleg mesteparten av opphald og mat.
Etter at påmeldinga er fullstendig, vil me sende ut faktura til dei som deltek på leiren.
Mvh Amund Junge
v/KleppSSK



