Då er NM Langbane 2015 i ADO(Bergen) gjennomført.
Det var fire flotte dagar med mykje fantastisk symjing, og det er spanande å få oppleva dei beste symjararne me har på sitt besta.
Ein lyt passa seg for ikkje å verta «star struck» når Sarah, Lavrans eller Henrik passerer deg på tribunen eller ute i kantina.
Våre egne symjarar (Bjørn Stian, Håvard, Olav og Øyvind) fekk prøvd seg mot dei beste, og gjorde ein hederleg innsats. KleppSSK runda det heile av med å delta i stafett siste dagen – 400m. Medley. Diverre vart det disk denne gangen, men me kjem sterkare attende neste gong!!
Her er nokre bilete frå dei fire dagane i Bergen: