Treningshelg på Moi 19-21 august!

KleppSSK inviterer alle aktive symjarar og stuparar til ei treningshelg på Moi!

Tilbodet gjeld fra Rekruttar til A-symjarar og stuparar. Med andre ord A, B, C, D, og E symjarar. Me vil laga eit tilpassa opplegg for symjarar i gruppe D og E.

Dette vert ei kjempehelg der klubben skal få nytta litt tid saman i bassenget og verta betre kjende. Me har mange dyktige symjarar i klubben, og dei vil vera med å trena dei litt yngre.

Bli med!  –> PÅMELDING – send epost til leder@kleppssk.no innen tirsdag 10. august.
Viktig at dykk i eposten skriv inn namn på symjar (fornamn og etternamn, mobilnummer born og/eller forelder/føresett), og fullt namn og epostadressa til den som skal betale.

Transport/Reise:

Frå Klepphallen fredag klokka 1700 – vi tek sikte på å køyra privatbilar.

Heima igjen ved Klepphallen sundag klokka 1700.

Overnatting:

Då me skal liggja på ein skule i klasserom er det av erfaring ein del støy frå dei oppblåste madrassane, og det kan verta litt trongt.
Difor gjeld fylgjande:

Ta med teppe/laken som skal liggja under madrassen(mot golvet)
Om mogleg- bruk enkeltmadrass. Om me får mange påmeldte, vert det ikkje plass dersom alle tek med dobbeltmadrassar.

Pris:

Symjar 600,- NOK

Vaksen 300,- NOK

Dette dekker opphald og mat.

Betaling på nettet ved å nytte denne linken: klikk_her

Foreløpig program:

Fredag:

  • Reise til Moi.
  • Innkvartering på skule
  • Basistrening
  • Kveldsmat
  • Sosialt samvær

Laurdag:

  • Frukost (ca. 0800)
  • Treningsøkt 1 (ca. 0900 – 1230). Økta vert delt opp alt etter kor mange symjarar som vert med til Moi.
  • Lunsj (1300)
  • Basistrening
  • Treningsøkt 2 (ca. 1700 – 1930/2000). Igjen deler me opp økta
  • Middag/kveldsmat (2000)
  • Sosialt samvær (Utfordrar symjarane til å koma opp mednokre spanande leikar/quizzar)

Sundag:

  • Frukost (ca.0830)
  • Treningsøkt (0930 – 1200)
  • Lunsj (1230)
  • Rydding og heimreise.

Programmet vil kune få nokre endringar!

Som alltid – fint om nokre vaksne ynskjer å vera med på helgetur (me treng sjåførar, kokkar, oppvaskehjelparar og aktivitetsleiarar )!!!

Ta gjerna kontakt med leder@kleppssk.no (eller sms på 40237056)

Postet i Treningshelg og tagget .