Me hadde tidleg i haust (2014) ei lita samling, der me satte fokus på mat og spisevanar som idrettsutøvar.
Det som er heilt klårt er at mat, og det å eta skikkeleg mat er ekstremt viktig!
Dersom me feiler med det, får ikkje kroppen dei «byggesteinane» den treng etter ei trening. Det gir dårlegare utbytte av treninga di.
Nedanfor kan du kikke på dei bileta Håkon hadde me til denne samlinga. Så er det bare å samanlikne dette med den maten du et i laupet av ei veka.
Men hugs – bileta representerer ikkje noko fasit, men peiker på naudsynte næringsgrupper for ein som trenar sopass mykje som symjarar gjør.





