Me vil saman med Sola og Randaberg gjennomføre ei treningshelg 28-30 november for våre LÅMØ-symjarar.
Treningane er tiltenkt dei som er kvalifisert per i dag eller har ein mulighet til å verta kvalifisert i tida fram til og med Bryne-stevnet i februar 2015. Dette gjeld symjarar i årsklassane 2004-1999.
Om du er i tvil kvar du er i forhold til deltaking på LÅMØ 2015 så kan du på DENNE websida søkje opp kvar du befinner deg i forhold til dei som er kvalifisert. Velg Ranking i menyen, og deretter LÅMØ-landsdel,Ranking. Kan vera lurt å setja seg litt inni korleis LÅMØ verkar. Til dømes er det greit å veta at for klassane 2003 og 2004 held det å ha gyldig påmeldingstid på alle dei 5 øvelsane.
Treningsopplegget vil verta noko i retning av (MERK treningsstad og trenarar er ikkje heilt på plass enda):
Fredag : RIL / v Carla/Håkon/ Håkon L.: 400 cr
Lørdag morgon Klepp v/ Kjetil/ Håkon: 200 im
Lørdag kveld Sola v/Lene / Oluf/ Malik: 200 bryst
Søndag morgon RIL / Håkon / Maurice: 200 rygg
Søndag Kveld Sola/v Lene/ Oluf: 100 fly
Me satsar på at fleire av A-symjarane deltek som instruktørar for i større grad kunne fylgje opp dei enkelte symjarane.
Dette vert veldig bra!!
Vel møtt.

