Påskeleir 2019

Det er planlagt ein treningsleir påsken 2019.

I år vert det tur til Danmark – Nørresundby i Ålborg.

Avreise Lørdag 13.04.19

Hjemreise Mandag 22.04.19

Egenandelen for symjarane vert ca. 4500,- NOK (det er minus klubbsponsing på 2500,-).

Reiseopplegget vert truleg som fylgjer(kan verta endra):

  • Avreise laurdag med båt frå Kristiansand – Colorline
  • Buss frå Hirtsal til Nørresundby
  • Me bur på eit internat som næraste nabo til bassenget. Alle måltider er også her.
  • Heimturen vert truleg med Colorline til Kristiansand, og frå Kristiansand til Klepp med buss.
  • To treningsøkter i bassenget per dag, samt nokre basisøkter.

Detaljert reiseplan vil verta presentert om ikkje altfor lenge.

Sola er og invitert med på turen.

Rett over juleferien kjem me til å ta opp ein foreløpig bestilling av interesserte, slik at me er sikre på at me har tinga nok plassar.

Alle som trener minst fire ganger i uka er hjarteleg velkomne til å delta! Om du ikkje går på ungdomskule, lyt ein vaksen være med.

 

Mvh KleppSSK

 

 

 

 

Postet i Klubbinformasjon, Siste nytt, Trening, Treningsleir og tagget , .