Treninga starter oppatt for fullt onsdag 19. august

For konkurransesymjarane og rekruttar vert treningstidene i Klepphallen som før med nokre små justeringar.

Stuparar får eigen informasjon om treningstider.

For å få noko meir bassengtid saman med trenar Håkon Henne vil han delta på onsdagstreningane i Klepphallen. Han rekk ikkje to fulle timar, det er difor ynskjeleg at symjarane som er knytt opp mot Håkon er ferdig med oppvarminga innan han stiller klokka 1700. Det vil seie at symjarane er i bassenget ca. 1640 onsdagar.

For resten av symjarane våre gjeld dei vanlege treningstidene.

Basistreninga starter opp måndag 24.08.2015. i gymsalen på Kleppe skule klokka 1700 – 1745 (alle som vil kan stille!!).

NYTT
KleppSSK har vært så heldige å få tildelt ein bane medan det er familiesymjing tysdagar (tidspunktet som gjeld er 1845 – 2100).

Dette er i utgangspunktet ein bane som skal nyttast av A-symjarar som ikkje reiser til Randaberg for den vanlege tysdagstreninga. Det er ikkje så stor kapasitet i ein bane, så her lyt me sjå an kor mange som reelt kjem til å nytte seg av tilbodet. Dersom kapasiteten viser seg å vera god, vil me gjennom rådføring frå Kjetil og Håkon opne for fleire symjarar tysdagar.

Når det er symjarar i eigen bane tysdagar, er det ynskjeleg at ein vaksen stiller og har tilsyn. Det er ikkje livreddarkrav til dette, då det på gjeldande tidspunkt er familiesymjing i hallen. Symjeprogrammet skal vera identisk med det som vert nytta i Randaberhallen same dag. Håkon Henne syt for distribusjon av dette til Klepp SSK.

Postet i Treningstider og tagget .