Oppdatering treningshelg på Moi

Då har me litt meir informasjon om treningshelga på Moi (11 – 13 september.).

Det vart ikkje nemnt noko om stuparar i førige informasjonsskriv, men dei er sjølvsagt òg invitert med på oppstartshelga!
Det vert ikkje rom for mykje stuping, men basistrening og det sosiale samværet er likevel viktig å ha med seg vidare utover hausten.

Avreise:

Frå Klepphallen fredag klokka 1700 – vi tek sikte på å køyra privatbilar.

Heima igjen ved Klepphallen sundag klokka 1700.


Overnatting
:

Då me skal liggja på ein skule i klasserom er det av erfaring ein del støy frå dei oppblåste madrassane, og det kan verta litt trongt. Difor gjeld fylgjande:

  • Ta med teppe/laken som skal liggja under madrassen(mot golvet)
  • Om mogleg- bruk enkeltmadrass. Om me får mange påmeldte, vert det ikkje plass dersom alle tek med dobbeltmadrassar.


Pris
:

Symjar 600,- NOK

Vaksen 300,- NOK

Dette dekker vonleg mesteparten av opphald og mat.

Etter at påmeldinga er fullstendig, vil me sende ut faktura til dei som deltek på leiren. Ber difor om at ein melder seg på så snart ein kan til: oppmann@kleppssk.no.

Viktig at dykk i eposten skriv inn namn på symjar (fornamn og etternamn, mobilnummer born og/eller forelder/føresett), og fullt namn og epostadressa til den som skal betale.

Postet i Påmelding, Trening, Treningshelg og tagget , .