KleppSSK inviterer alle aktive symjarar til ei treningshelg på Moi!
Tilbodet gjeld fra Rekruttar til A-symjarar. Med andre ord A, B, C, D, og E symjarar. Me vil laga eit tilpassa opplegg for symjarar i gruppe D og E.
Dette vert ei kjempehelg der klubben skal få nytta litt tid saman i bassenget og verta betre kjende. Me har mange dyktige symjarar i klubben, og dei vil vera med å trena dei litt yngre.
Bli med! –> PÅMELDING – send epost til oppmann@kleppssk.no innen torsdag 3.september.
Foreløpig program:
Me tek sikte på å reise etter skuletid fredag 11. September, og er heime sundag ettermiddag.
Fredag:
- Reise til Moi.
- Innkvartering på skule
- (basistrening?)
- Kveldsmat
- Sosialt samvær
Laurdag:
- Frukost (ca. 0800)
- Treningsøkt 1 (ca. 0900 – 1230). Økta vert delt opp alt etter kor mange symjarar som vert med til Moi.
- Lunsj (1300)
- (basistrening?)
- Treningsøkt 2 (ca. 1700 – 1930/2000). Igjen deler me opp økta
- Middag/kveldsmat (2000)
- Sosialt samvær
Sundag:
- Frukost (ca.0830)
- Treningsøkt (0930 – 1200)
- Lunsj (1230)
- Rydding og heimreise.
Programmet vil truleg få nokre endringar! J
Når det nærar seg kjem meir informasjon gjeldande avreisetidspunkt, reisemåte, kostnad og andre praktiske opplysningar.
Som alltid – fint om nokre vaksne ynskjer å vera med på helgetur (me treng sjåførar, kokkar, oppvaskehjelparar og aktivitetsleiarar )!!!
Ta gjerna kontakt med leder@kleppssk.no (eller sms på 40237056)

